Kor tek dei det frå?

Når eit selskap skal etablerast vert det ofte lagt ned
mykje kreativt arbeid før ein har på plass eit fengslande namn og
ikkje minst ein logo som skal fange blikket. Evje Utvikling vart skipa
for nokre år sidan og eg har heile tida vore overtydd om at både namn og
logo skuldast mykje kreativitet......heilt til eg var på ein tur til
Hadeland.

Ein skal sjølvsagt ikkje skulde Evje Utvikling for
plagiat... det kan like godt vere Hadeland Glassverk som har vore på
tjuvferd i Setesdal. Ein ting er sikkert! Fargeval og logo er skremmande
lik!
