Korleis vert DU sponsor?

Møteplassen” midt i Evje sentrum

Firkløverkake, blå potetmos og eit sprudlande humør.


Radarparet Gry Elverum(t.v.) og Sylvi Kjetsaa driv ”Møteplassen” i Evje sentrum.

Dei starta opp med friskt mot, den 18.juni, i ei laftehytte midt i Evje sentrum. I heile sumar he turistar og bygdefolk ”velta inn” i den koselege matstova. No går det mot vinter og lange kveldar. Jentene ligg så absolutt ikkje på latsida. Det tenkjast stadig nytt, trufaste kundar kjem attende og omsetninga er kome inn i ei låm dei er svært så nøgde med. Ein hypermoderne kaffemaskin sørger for kaffe av ypperste slag. Kaffe Latte, Cappuchino, Macchiato, Cortado, Espresso – og sjølvsagt vanleg traktekaffe for oss som er vakse opp i ein enkel heim ute i provinsen. Kvar dag fær jentene levert fersk stomp og andre bakervarer frå Moseid Bakeri på Mosby. Eit kvalitetstempel. Elles finn du det meste av supper, salater og varmretter av ulike slag.

Sylvi syner fram det som etter kvart he vorte ein skikkeleg ”slager” hjå kundane på Møteplassen. Ei Firkløverkake du ikkje finn maken til nokon stad.

Både Sylvi ( t.v.) og Gry tek i mot gjestane med eit smil og gjerne ein god klem dersom det er naudsynt. Her er det Heidi Haugen som er innom for ein kopp frisk morgonkaffe. Dialekten tyder på at den jenta er oppvokst noke nærare Skippergata eller Odderøya. Me våga ikkje å spørje om slikt. Ei jente i sin avgjort beste alder. Dei trivdes i alle fall, både kunde og betjening.

Blå potetmos er ikkje kvardagskost, korkje på Moi eller i Iveland. På Møteplassen serverer dei slikt, med råvarer frå den ihuga gardbrukaren, Arnold Falkgjerdet, på Hornnes. Kortreist mat heiter det visst i dei krinsar.

Jentene satser meir og meir på lukka selskap, gebursdager, firmasamankomster, og andre festlege lag. Det er ein marknad for slikt på Evje. Det er ein marknad for det som ikkje er heilt ”A4.” Siste fredagen i kvar månad vert det skipa til noke så spanande som ” Seinkveld med Gry.”  Garantert ein livleg kveld med saftige historier, sprudlande humør og kulinariske og gastronomiske høgdepunkt i kø.  Tidlegare denne månaden var 47 jenter samla til ein uforgløymeleg kveld på Møteplassen. No er ein ny fest på teiknebrettet. Det vert garantert fullt hus og stormande jubel. Fredag den 31. oktober. Me røper ikkje meir.

Er du lei av ribbe, surkål, pinnekjøt og syltelabbar, ja då kan du bestille eit alternativt jolebord hjå jentene på Møteplassen. Kva som stend på matsetelen der er ikkje godt å vete. Kan hene fær du blå potetmos til hovudretten – og Firkløverkake til dessert. No he jentene søkt om sjenkeløyve. Snart kan Evjefolk og Honndølar kose seg på laurdag føremiddag  med Portvin og Napoleonskake. Ein garantert slager, slik det er både i Bogstadveien og på Karl Johan. Dei er ein frisk pust i vår travle kvardag, Sylvi og Gry. Det skal dei i alle fall ha.