Innsetjing av ny
sokneprest
Velkomen skal du vere, Anette.
Tekst: øystein moi Foto:
torbjørn leifsen

Leiar av soknerådet, Valborg Hauan, les
innsetjingsbrevet frå biskopen. I bakgrunnen ein lettare nervøs prost,
Ole Gunnar Sæbø.
Mykje godtfolk var
samla i Evje kyrkje på sundag då det var skipa til høgtideleg innsetjing
av den nye soknepresten, Anette Vognild. Mange ville ynskje presten, og
familien hennar, velkomen til bygda og til teneste for kyrkjelyden. Det
vart ein festdag og det vart ein festleg kyrkjekaffe etter at det
seremonielle var unnagjort. På matsetelen stod det både påsmurde
rundstykke og kaloriholdig blautekake av beste slag..
Berre smulane låg att då dei
siste sokneborna forlot kyrkjeromet.

Mange helsa den nye
presten med velvalde ord og flotte blomebukettar. Me nemner m.a.
varaordførar Nils G. Østerhus, Valborg Hauan frå menigheten, helsing frå
konfirmant-utvalet, frå staben v/ organist Nina Irslinger og helsing frå
prestekollega Thore Oustorp.

Soknepresten, fru
Vognild, i hop med ektemannen og dei 5 borna deira. Det vart kviskra eit
grann frå kyrkjebenkane om at her vert det nok stor etterspurnad etter
bornevakt. Folk i bygda vår er kjende for å stille opp på dugnad når
slikt er etterspurd. Truleg vert ikkje dette noke problem. Velkomen skal
Dykk vere alle i hop. Vonleg vil dykk få mange gode vener,trivast på
skule – og i arbeid, og verte verande lenge i bygda.
Fleire bilete frå kyrkja. Klikk på bileta, og dei vil snøgt endre
storleik.
