Her er beviset:
Klåre grenser mellom politikarar og tilsette i Evje & Hornnes kommune.

Ein
journalist, frå vår politiske avdeling, var innom kommunehuset på
Evjemoen nyleg. I andre høgda, midt i bygget, ligg matstova til
administrasjonen. Her skal politikarar trø svært så varsamt. Vår mann
vart ventande ei stund i dei endelause korridorane, og kunne ikkje
motstå freistinga då eimen av nykoka kaffe seig ut frå matstova. Han
lista seg inn på mjuke gummisolar. Ikkje ein byråkrat var å sjå. Truleg
viktige møte attom kvar ei dør. I matstova var han einsam. Guten skjenka
seg nokre dropar i eit vesalt plastkrus. Framleis einsam. Han forsynte
seg av kakefatet, vel vitande om at dette ikkje var i samsvar med god
folkeskikk og politisk etikette. Det var då han fekk auge på dei to
boksane med kaffe borte på benken. Det var då han skjøna at dette måtte
dokumenterast. Biletet talar for seg sjølve.
På neste møte i
Heradstyret vil ein såleis oppmode dei folkevalde om å take med seg
kaffe frå heimen. På termos. Ingen kjenner framleis innhaldet i boksen
til høgre på biletet. Kan dette vere årsak til at bort i mot alle vedtak
i Heradstyret vert vedteke samrøystes ? Doping.!
