Korleis vert DU sponsor?

Revy i Øvrebø

Latterbrøl på Hommesletta.

Moisund.com var tilstades då Øvrebø Ungdomslag hadde generalprøve på revyen « Tøffere enn toget.»  Fredag 31. oktober brakar det laus med premiereførestilling i ungdomshuset midt på Hommesletta. Det bør så absolutt verte fulle hus både fredag, laurdag, sundag, måndag og tysdag.  Latterbrøla kjem til å runge øve bygda. Fleire røynde skodespelarar, godt, lokalt stoff, musikalske innslag og herlege sketsjar i ei salig blanding. Her bør Øvrebøfolk, Hægedølar og Venndølar skaffe seg billett så raskt som råd.  Dette er lokal kultur på høgt nivå. Billettar til den niande førestillinga vert å kjøpe på ICA-butikken på Skarpengland og på Essostasjonen i Vennesla. 

Klikk på bileta under så kan du sjå eit utdrag frå generalprøva. Me røper ikkje meir av innhaldet. Du lyt oppleve det sjølve.