Korleis vert DU sponsor?

"Rocka fett" på Hovden!

Det var ikkje mykje feitt hjå redaksjonen som vart rocka, men dette var eit utrykk som vart nytt av ein Svenske som skapa stor hugnad i Hovden Grendehus. Måndag og tysdag denne veka vart det arrangert ein konferanse på Hovden for å foreine kreftane innan fjellturisme. Alle dei store destinasjonane var tilstades som Åseral, Hemsedal, Geilo med meir. Ja og sjølvsagt arrangørstaden Hovden og tilstades.

Putte Svendson (bilete) starta "showet" med å fortelje om korleis han med to tomme hender starta opp i 1981 med å arrangere rockefestival i ei lita Svensk grend (Hultsfred) på storleik med Evje&Hornnes og Bygland. No dette dette blitt ein av Sveriges mest kjende festivalar med over 50 000 vitjande kvart år. Den årlege festivalen har fram til no skapt fleire hundre arbeids og utdanningsplasser i ei fråflyttingstrua bygd. Her var det mange som hadde mykje å lære!

Ja no er det litt feil å seie at Putte opna showet, det var det sjølvsagt ein sprudlande ordførar Kay Jeiskelid som gjorde. I mangel på snor å klyppe så var det hans eige slips som vart klypt øve for å markere opninga!

Konferansen vart eit forrykande show som moisund.com aldri har sett maken til. Interessante tema, film, lyd, musikk sydd saman av ein glimrande Styrk Fjærtoft Trondsen. Dette gjorde sitt til at dei drygd 200 deltakarane reiste heim med mange idear for korleis ein skal få turistar til å vitje fjellbygda i framtida. 


Arrangørstaben fekk ein velfortent applaus når konferansen var ferdig.


Sjølv hornmusikk var tilstades på arrangementet.


Konferansier hadde "Green Room" i dusjen på grendehuset


På kvelden fekk redaksjonen høve til å smake på Setesdalsakevitten på fyrste salsdag. Alt vart sjølvsagt spytta ut at etter at det hadde vore i munnen..... slik det skal ved prøvesmaking!

Sjå programmet her!