Setpro as
Trivsel og kompetanse.

Jan Gunnar
Østerhus er fungerande styrar på verksemda Setpro as på Evje. Dette er
eit offentleg eigd lutlag der kommunane Iveland, E&H, Bygland, Valle og
Bykle eig 20 % kvar. Setpro er ei produksjonsverksemd som yter tenester
av ulike slag, mellom anna til lokalmiljøet. I vaskeriet tek dei seg t.d
av alt av institusjonstøy i Evje & Hornnes kommune. I tillegg he dei
oppdrag frå hotell, campingplassar og andre øvenottingsstader i dalen.

Torhild Sangesland he ansvar for vaskeriet. Ein krevjande jobb som set
høge krav til både personell og teknisk utstyr
I ei anna
avdeling i dei moderne produksjonslokala kjem me til bolken for det som
på fagspråket vert kalla ”Industriell trebearbeiding.” Her produserast
alt frå støyskjermar, søppelboder, takstolar og reisverk av ulike slag.
Setpro kan t.d. levere reisverk ferdig utkøyrd på byggjeplassen.
Då
entrepenørselskapet Skanska nyleg skulle reise eit nytt, moderne
bustadkompleks i Randesund, var nettopp Setpro ein av hovud-
leverandørane av
såkalla ”pre-kutt” – eller ferdig kappa material om du vil. I
verkstadhallen på Verksmoen finn ein moderne kapp-anlegg og elektriske
høvlar av ulike slag. Dyktige medarbeidarar og kompetanse i alle ledd
gjer at kundane stadig kjem med positive tilbakemeldinger. Slikt gleder
både administrasjonen og dei tilsette på verkstadgolvet. Sjølvsagt.

Vesle Susanne Emilie hadde fri frå bornehagen denne dagen.
Då kan det vere spanande å
fylgje pappa ein dag på jobb.
Harald Jakobsen
er arbeidsleiar på Setpro. Her syner han fram ein av veggane til ei
søppelbu som vert produsert på vegne av Setesdal Renovasjonsdidtrilt.
Ein annan produksjon som krev, etter tilhøva ,mykje plass er støyskjemar
til Marnar Bruk.

Hjå Setpro as på
Evje er det i skrivande stund kring 40 tilsette. I tillegg er det ei
underavdeling i Valle der det no om dagen er kring 10 tilsette. Østerhus
stadfester at ordretilgongen så langt he vore både stabil og jamn. Som
alle andre bedriftsleiarar er han i desse dagar svært spend på kva
kalenderåret 2009 vil føre med seg. Ein ting er i alle fall heilt
sikkert. Det vert tøffare tider og Setpro må meir enn nokon gong ut og
gjere seg synleg i marknaden. Oppdraga kjem ikkje rekande på ei fjøl.
Gullalderen ligg bak oss. Dette veit styraren på Setpro så inderleg vel.

I sumarhalvåret
er det full produksjon i gartneriet. Då bugnar det av sumarblomar av
ulike slag, og det er stundom kø av handlelystne bygdefolk. Setpro er
kjend for fine blomar. Trivsel og kompetanse gjev seg utslag på så mange
måtar.

