Heradstyret den
3. oktober
”Forsvaret er
avhengig av skytefeltet på Evjemoen”

I førekant av møtet
den 3. oktober fekk dei folkevalde ei grundig orientering om Forsvaret
sin bruk av Evjemoen skyte-og øvingsfelt. Dei væpna styrkene var
representert ved skulesjefen på Kjevik, Forsvarsbygg og ein representant
frå Forsvarets Logistikkorganisasjon (FLO).
For 5 år sidan var
det ingen som hadde bruk for korkje skytefeltet eller militærleir.
Soldatane vart sende heim, offiserane gjekk øve på venteløn og alt
militært utstyr vart solgt på auksjon i Hannåsleiren.. I dag er
situasjonen heilt annleis. Forsvarets avdelinger, både i Agder – og i
Rogaland er i dag fullstendig avhengig av skyte-og øvingsfeltet på
Evjemoen. Eller som han sa det den tilreisande oberstløytnanten: ” Dette
øvingsfeltet passer oss perfekt.”

Representantane frå
Forsvaret gav i klårtekst uttrykk for at dei var svært så nøgde med
samarbeidet med Evje & Hornnes kommune. Det er i dag ein omfattande
aktivitet i feltet, utan at ein heilt fekk svar på kor mange årlege
øvingsdøger det er tale om. I åra frametter vil aktiviteten halde seg
omtrent på same nivået som i dag. Eit rimeleg høgt nivå.

Einskilde
etterlyser nye arbeidsplassar i samband med den høge aktiviteten i
skyte-og øvingsfeltet. Eit tidlegare vedtak i Heradstyret set m.a. krav
om dette i samband med framtidig drift. I dag er 3 personar tilsett i
skytebaneforvaltninga. Evjemannen, Reidar Haugen ( biletet) er ein av
desse.
Forsvarsfolka var
svært opptekne av god kommunikasjon med bygdefolk, grunneigarar og
kommunale styresmakter. Dei er fullstendig klår øve støyproblematikken i
samband med skytinga og vil difor avgrense dette til fatsette tidspunkt
på kvardagane. Dette er eit miljøproblem som dei, etter eige utsagn, tek
svært alvorleg. Informasjonen ut til publikum bør – og skal verte betre.
Forsvaret vil så langt som råd handle lokalt, nytte seg av lokale
tenester og så langt dei kan vere ein positiv aktør i det lokale
næringsliv. Mykje er eigentleg som før – i skytefeltet som for kort tid
sidan ingen hadde bruk for, og som eigentleg var heilt ubrukeleg...

