Korleis vert DU sponsor?

Nytt liv på gamle ”Stigeren”

Klart for etegilde på Evje.

Stein Uleberg kviler ikkje på lauvbera. Forrige kalenderår gjekk verksemda han styrer, Setesdal Mat , med solid øveskot. No satser han vidare med tanke på å mette svoltne magar i samband med jolebordsesongen. I lokala til gamle ”Stigeren restaurant,” midt i Evje sentrum, vil han no klemme til med jolebord som korkje Honndølar eller Evjefolk he sett makan til. Det heile tek til på fredagen den 21. novemer og så gjeng det utan opphald, onsdag, fredag og laurdag, fram til jol.

Det er verksemda” Setesdal Mat, med hovudsete på Evjemoen, som stend som arrangør. Varm og kald mat. Sau, kjukling, høne, gris og kålerabistappe. Det heile vert toppa med den, etter kvart så vidgjetene, ”Setesdalsakevitten.” Pågangen etter ledig bordsete er alt stor. Dersom du vil spandere på deg eit kulinarisk høgdepunkt i lokale omgjevnade så byrjer tida å verte knapp. Då lyt du ringe telefon 379 27050 og høyre om det framleis er eit ledig bord. …