Korleis vert DU sponsor?

Ikkje lit på vêrmeldinga!

Sundag 5.oktober stod me opp i seks tida. Fyrte opp i omnen og sette kaffilars på. Skoa vart pussa og niste vart smurt. Det var tid for ein ny dag på elgjakt. Optimismen var stor. I dag skulle sjølvsagt kvota fyllast. Kvelden før hadde me gjenge gjennom historikken og tala synte at på denne datoen for nøyaktig fem år sidan, datt elg som fluge i jaktlaget. Det er utruleg korleis statistikk kan vere med på å få trua på ein ting.

Etter ein god frukost med skikkeleg kaffi på andre oppkok (det er fyrst på andre og tredje oppkok at det verkeleg byrjar å smake av kaffi som kan kurera meir enn gruff). Før me dreg ut så tek me ein siste sjekk på www.yr.no for å forsikra oss om at vêrmeldinga framleis er god. Internett er komen for å bli, sjølv på avsides heiegardar i Åseral. Før i tida lytta dei til radioen på "Åna Sira og dalstroka innanfor". Dette skulle vist passe best for dette området. Me sette vår lit til yr.no og veret, time for time ved "Fisklaustjønn i Åseral" som ligg sentralt i jaktterrenget. Sol, sol og sol. I det innarste ser me føre okk ein draumedag som for ei veke sidan. T-skjorte på elgjakt i oktober? Vind frø nordvest skulle gjere dagen fullkomen. Dette hadde me venta på. Så snart det vart lyst drog me av garde. Nokon skyer var det på himmelen, men litt feil må det vere lov å ta!

Etter ein dryg times marsj inn i fjellet var me klar til å gruppere ut for å drive ut mot postane. Me rakk ikkje å få plassert ut sistemann før reine domedag var øve okk. Eit snøvêr utan sidestykke. Kraftig vind frå SØR gjorde sitt til at sikta var lik null og at det ikkje tok mange minutta før me måtte nytte kompasskusen til å kome til gards igjen. Kliss blaute og sterkt nedkjølt fekk me til slutt heile jaktlaget i hus. Ein av postane hadde frose så mykje at han påstod han hadde fenge drivis i pungen. Veden som me hadde med i sekkane fekk me sjølvsagt ikkje nytta, den var jo blitt kliss blaut den og kan du vete. Illusjonen om den fantastiske elgjakta er vekk. Kvifor gjer ein dette? Det vert vaskeleg å samle jaktlaget igjen denne hausten. Denne dagen må ein fyrst få på avstand.

Etter å ha fyrt opp på garden og fått varme i skrotten igjen, skrudde me på radioen for å lytte til "Åna Sira og dalstroka innanfor". Her vart me åtvara for det kraftige uveret som hadde kome..... Etter dette kan internett vere internett, no lit me berre på P1.........   


Slik såg det ut på fjellet me gjekk. Ikkje heilt som vêrmeldinga sa...

25.september var det meldt identisk ver. Den gong held det stikk...