Agder Energi
Kan kome
vindmøllepark i Evje & Hornnes kommune.

Han kom til sine
eigne, og dei tok vel i mot han. Jo Drivdal er framleis ein omtykt mann
i korridorane på kommunehuset på Evjemoen. Den tidlegare rådmannen er no
tilsett i Agder Energi innanfor fagfeltet vindkraft. Det var nettopp
vindmøller som stod i fokus då Heradstyret var samla til møte på ein
regntung fredag, den 3. oktober.
Agder Energi
ynskjer å utvikle vindkraft i eit nært samarbeid med grunneigarar,
kommunar og andre offentlege maktsenter. Selskapet he som mål å vere ein
langsiktig medspelar som utvikler, byggjer og drifter moderne
vindkraftanlegg.

Drivdal hadde
etter få minutt heile møtelyden, Aud Helene Austegard medrekna, i si
hole hand. Velvalde ord, glimt i augo og fantastiske ljosbilete gjorde
sitt til at unge Drivdal kunne gjere vendereis til byen med sigeren i
lomma. Heradstyret tykte bodskapen om vindmøller var spanande. Uhyre
spanande. Mykje talar for at Agder Energi no vil riggje seg til med ein
mellombels målestasjon ein eller annan stad i kommunen. Berre slik kan
dei få dokumentert om det verkeleg er lønsemd i kommersiell drift av
vindmøller i Evje og Hornnes kommune. Det er såleis eit ope spørsmål om
det no er ein vindmøllepark på Svaba eller på Bertesknapen som til
sjuande og sist kan hindre ei utbyggjing og ei rasering av Fennefossen.
Mykje tyder på den gamle ringreven Jo Drivdal endå ei gong vert ein
redningsmann for kommunen.

Jon Olav Uleberg
representerer den nye samskipnaden ” Tverrpolitisk Bygdeliste.” Ein
røynd lokalpolitikar. Høgskuleutdanna, sundt folkevet og tåleg grei å
tale med. Uleberg hadde likevel noke vanskeleg for å skjøne kvifor Agder
Energi vil byggje vindmøller i Indre Agder. Han meinte at dei høgst
truleg ville finne meir vind, og meir stabil vind på både Flekkerøya og
Odderøya. Jo Drivdal gjorde greie for denne problemstillinga. Jon Olav
Uleberg vart tagal.
.jpg)
Dreng Homme,
Sosialdemokrat på sin hals, var på talarstolen 13 gonger i løpet av
møtet. Til sist skjøna Dreng at vindmøller beint fram kan vere framtida
for kommunen vår. Også økonomisk. Det er beint fram så du ser
dollarteikn i båe augo på den populære valldølen.

Det vart ein
interessant og god informasjon frå Agder Energi. Med solid ryggdekning
frå Heradstyret tyder mykje på at verksemda no kjem til å halde fram med
planarbeidet med lokal vindkraft i Evje & Hornnes. Lokalisering av eit
slikt anlegg er framleis heilt uviss. Her eit bilete frå Hannåsfjellet
på Moisund. Kan hende ein mogleg vindmøllepark vert ståande nettopp her.
I desse dagar framstår heile Moi som eit blindgjengerfelt. Heile
næringslivet er lamma og sjølv noke så uskyldig som plenklypping vert
rekna som ein risikosport. I denne vanskelege situasjonen for
lokalsamfunnet er det kan hende luftbasert næringsverksemd som vert
sjølve redningsplanka.....
