Egil Bjorå på
Evje:
Framleis gratis kaffe på Texaco.

Foto: moisund.com
Han er strålande
nøgd med å vere sjef i eige hus. Egil Bjorå driv Texacostasjonen, eller
YX som det vel heiter, på Verksmoen på Evje. Ei verksemd der kundane
trivast og der omsetninga aukar kvar einaste månad.
No er det store
endringer på gong når det gjeld dei ulike YX – stasjonane i Noreg. I
2006 kjøpte Reitan-gruppa Hydro Texaco., og i desse dagar er Reitan
Servicehandel i ferd me å gjere om 90 av desse stasjonane til moderne
gatekjøkken der du samstundes fær høve til å tanke opp bilen med diesel
eller blyfri bensin. Stasjonane vert profilert under det kjende norske
merkenamnet ”7 Eleven” og det er oljeselskapet Shell som skal take hand
om drivstoffpumpene.
Slik vert det m.a.
i Vennesla, Lyngdal, Brennåsen og på Hamresanden. Slik vert det
garantert ikkje på Evje. Bjorå meiner at denne utviklinga ikkje tek
omsut til korkje lokale handelsmenn eller lokale tilhøve. Ei utvikling
som så avgjort ikkje passar inn i vårt lokale miljø. Egil Bjorå er glad
for at han er sjef i eige hus. Han lovar framleis gratis kaffe, i blanke
krus, levert øve disken på YX- Evje. Det er slik kundane vil ha det. Det
er tross alt det viktigaste for ein framsynt handelsmann.

