Korleis vert DU sponsor?

Agder Trafikkskule og Agder Storbilskule

Opplæring på alt som går på hjul


F.v.  Kai Kristiansen – Kjell Sømme og Vigdis Moi Sømme

Det er ein røynd gjeng, med stor fagleg tyngde, som i desse dagar flytter inn i ”nye” lokale like attmed riksvegen påVerksmoen. I lokala som tidlegare vart nytta av m.a. Biltilsynet finn du i dag Agder Trafikkskule og Agder Storbilskule. Kai Kristiansen driv storbilskulen. Han he vore i faget sidan 1994. Den gong var han tilsett i Forsvaret og elevane var stort sett kledd i grøne arbeidsuniuformar og blankpussa feltstøvlar. I 1994 tok Kai til med eigne bilar og no utdannar han meir enn 300 elevar kvart år. På timeplanen stend m.a. fagopplæring for buss, lastebil, liten lastebil, vogntog, minibuss og bil med hengar (BE). I tillegg til dette driv Agder Storbilskule med maskinførarkurs, både teoretisk og praktisk.

Kjell Sømme, busett i Honnemonen, driv Agder Trafikkskule i hop med kona Vigdis. Dei driv opplæring for førarkort til bil, motorsykkel, traktor, moped og bil med tilhenger. Kjell dreiv i 13 år som bilmekanikar før han i 2002 tok til som køyreskulelærar.Han kan såleis det meste om bil.

No finn du du altså Agder Trafikkskule og Agder Storbilskule under same tak. Strategisk plassert i flotte lokale, sentralt – og ikkje minst der folk ferdast. Ei betre profilering av ei verksemd er det ikkje lett å finne. Kundemassa er aukande og dei ser ljost på framtida – alle tre. Etter kort tid i nye lokale er det alt tale om utviding. Eit godt teikn, spør du oss....

Me kan i grunnen gjere Kai Kristiansen sine ord verte ståande som ei avslutning på reportasja. Dei seier i grunnen alt: ” Her hos oss kan du nå få opplæring på alt som går på hjul.”  Det må vere dette som kallast eit kompetansesenter. (red.mrk.)