Evje Bil på
Verksmoen
Terje kan det meste om bil.

Terje Uleberg he
funne si nisje i den tøffe bilbransja. Han tok til med bilverkstad i
den tidlegare Statoilstasjonen for omlag 3 år sidan. I sumar kjøpte
Terje bygningsmassa av oljeselskapet og er no herre i eige hus.
Kundelista er lang og no om dagen er det ventetid på omlag 2 veker for å
kome innanfor portane på Evje Bil. Rykta spreier seg øve heile
Sørlandet. Terje er ein mekanikar i den aller øvste divisjonen. Han he
mange års røynsle frå m.a. Forsvaret, Setesdal Bilruter og Gumpens Auto.

Evje Bil er ein
rein mekanisk verkstad. Karosseriskader lyt andre take seg av. Sjølvsagt
går det mykje i EU kontrollar, seier Uleberg som au kan merke ei sterk
auke i vanleg sørvisarbeid på nye bilar. Han ser ingen grunn til at folk
skal reise til ”byen” eller Arendal for å få utført slikt arbeid.
I dei mest travle
periodane fær Terje god hjelp av far sin. Også han ein røynd
bilmekaniker. ” Nils på Tønesland” he skrudd på bilar sidan han slapp
tåteflaska. Far og son Uleberg er eit sterkt fagleg team. Du finn dei på
Verksmoen der vegen svingar av til Evjemoen. Hugs å tinge time i rimeleg
god tid. Fleir og fleir Sørlendinger finn vegen til Evje Bil....

