Svein Salve
Lislevand
Fyrste mann på Moi
med optisk fiberkabel beinveges til kontorpulten.
Foto: Siri Moi – eksklusivt for
moisund.com

Han slo seg kraftig
opp som dagleg leiar i entrepenørselskapet ”Hiroshima Skogsdrift.”
Seinare vart han henta inn som vegvoktar hjå ”Risa”. I desse dagar legg
han siste hand på eit nytt kontorbygg heime på Sandbekk. Mykje
papirarbeid, og ei kraftig auke i folketalet på heimebane, gjer at han
no vel å gjere ein del av arbeidet frå det nye heimekontoret.

Denne veka hadde
Lislevand vitjing av firmaet ”Lister Entrepenør” som reknast for å vere
dei mest vidgjetne, og røynde, når det gjeld internettoppkopling. Som
fyrste mann i heile røystekrinsen he no Svein Salve fiberkabel beinveges
i kontorpulten. Fantastisk og imponerande av ein mann som ikkje veit
bak-fram på ein lommekalkulator. Fint skal det vere.Det skal han ha.

Kåre Eikild (t.v.)
er næraste granne til galskapen. Han vil ikkje kommentere saka. Kenneth,
frå Lister Entrepenør, hadde ein morosam dag på Sandbekk. Prislappen på
hundrevis av meter med fiberkabel, av beste slag, vert verande ein
løyndom. Så lyt ein vone at vesle Helene, i armkroken på vegvoktaren,
skjøner minst mogleg av det heile.
