Forureiningslova
set klåre grenser
Folk vil ha hjelp
til å brenne ned gamle hus og uthus.

Redaksjonen he
motteke ein del kommentarar på at brannvesenet ikkje lenger vil ut å
hjelpe til med å brenne ned hus, hytter og uthus. Brannsjef Jerry Remme
kan forklåre dette på ein fagleg og grei måte. Det er så avgjort ikkje
vrangvilje frå lokal brannfolk som ligg bak. Forureiningslova set nemleg
svært klåre grenser for kva som er tillete i slike høve. Alt som er i
t.d. eit bustadhus vert rekna for miljøavfall og skal såleis leverast
til ein godkjend gjennvinningsstasjon.

Dersom brannvesenet
skal hjelpe til med å brenne ned t.d. eit uthus så må det kunne
dokumenterast at dette er noke som brannfolka he fagleg utbytte av. Til
dømes trening i røykdykking. Nedbrenning av eit tomt uthus eller ein tom
garasje gjev ikkje mannskapa noke fagleg utfordring og vert såleis ikkje
å gjennomføre. Dersom brannsjefen finn ut at dei kan vere med på ei slik
øving så er prislappen kr 25 000 for eit bustadhus og rundt 20 000
kroner for ei hytte. Utedassen medrekna.
