Søndag
28.september
Så vart det
Stampegraut likevel

Det er tøffe tider
for bøndene på Moi no om dagen. Alt ein tidlegare he lært om
konvensjonellt landbruk kan ein berre gløyme. Året på landbrukskulen
tykkjest vere fullstendig bortkasta. Plogen og potetopptakaren er ikkje
lenger brukande. No er det metalldetektor og splintsikker vest som er
den viktigaste reidskapen i haustonna. Me møtte Svein Hannås på garden
hans på Moi, tidleg sundag morgon. Svein var ute på ein åkerlapp, like
nedanfor verandaen, for å hente seg nygrodde potits til Stampegrauten
seinare på dagen. Eit kulinarisk høgdepunkt for den unge gardbrukaren og
resten av familien. Fyrst må potitsåkeren ryddast for bomber og granater.
Så er det klart for både Kerrspink og Pimpernell. Slik er den nye
kvardagen for bondestanden på Moi. Tidlegare måtte kvar ein bonde ha
sprøytesertifikat. No er det påbode med sprengningssertifikat.

Det fyrste som kom
til syne denne sundagen, midt i elgjakta, var ein luftverngranat. Det
hadde truleg ikkje vorte ein lydlaus prosess dersom ein hadde pressa
denne karen gjennom potitskverna på grovkjøkkenet.

Eit par meter
lenger borte på åkeren fann Svein denne bombekastargranaten. Ein kraftig
plugg som ein skal ha all mogleg respekt for.

Etter
å ha reinska eit område på kring 20 kvm kunne Svein fylle bytta med
nygrodd Pimpernell. Det vart Stampegraut i ”Kartebakken” likevel denne
sundagen. Nede ved kysten et folk ”sprengd torsk” i tonnevis kvar
haust. Frå Moi kan me levere ”sprengde potits” til alle som måtte ynskje
det. By og land – hand i hand.
