Eit sikkert
haustteikn
Kompedag på Hornnesheimen
Foto: Oddmund
Strømstad

Like sikkert som
lauvet fell til bakken så må potetene takast inn i slutten av September,
På Hornnesheimen er det ikkje noke unnatak for slikt. Grøda må i hus.
Her er Torbjørg Strømstad i full sving med å hente inn den siste
Pimpernellen. På kjøkkenet gjer dei klart for den store kompedagen

Oddbjørg Hodne og
Laila Uleberg he full kontroll på kompedeigen. Tomine Myklebostad er
likevel eit grann skeptisk. Ho er ikkje heilt viss på om desse
ungjentene kan faget sitt.

Resultatet vart glimrande.

Så var det klart
for bordsete. Styraren på Heimen, unge Hagen, sytte for at alle hadde
nok av både sukker og tytebersylt.

Medan dei
fastbuande var ferdige med matøkta og gjorde seg klare for ein aldri så
liten middagskvil så var det klart for at dei ”kvitkledde” kunne dele
restane.
