Line Vennesland
og Kjell Ingolf Ropstad
Med stø kurs mot
Løvebakken

Line
Vennesland (AP) Kjell Ingolf
Ropstad (Krf)
Foto: NRK
Foto: Dagbladet
Dei er unge og dei
er lovande. Båe er fødd og oppvaksen på Moi. Dei vaks opp berre eit
steinkast frå kvarandre og gjekk i hop på både sundagskulen og
folkeskulen. Mykje tyder no på at Line og Kjell Ingolf kan få kontor
jamsides på Stortinget frå hausten 2009. Dei er båe på full fart inn i
rikspolitikken. Fyrst skal me sjølvsagt gjennom ein lang og tøff valkamp
og lite er avgjort før dei siste røystesetlane er opptalde. Line må
kjempe om andreplassen på lista til Arbeiderpartiet. Noverande
stortingsrepresentant Inger Løite tek ikkje attval. Mykje taler for at
den umåteleg flinke Moijenta fær den plassen. Unge og lovande Ropstad er
av mange utnemnd til sjølvaste kronprinsen hjå Kristelegdemokratane. Eit
politisk talent som m.a. stend svært sterkt hjå ungdomen. Dersom våre
spådomar er rette vil Moisund verte representert med to delegatar i
Riksforsamlinga i peroden 2009 – 2013. Då skal moisund.com søkje om
pressestøtte og vil sjølvsagt tilsetje eigen politisk skrivar i
hovudstaden. Me gler oss til valet i September. Eit historisk val for
den vesle grenda med 192 røysteføre personar, eit nedlagt Samyrkjelag,
ein nedlagt borneskule og ein fullt oppegåande sundagskule.
