Evjemoen Kino he oppstande igjen
Sidan
Agder Regiment og rekruttskulen på Evjemoen vart lagt ned på byrjinga av
dette århundre så har kinodrifta i storstova på moen vore ute av drift.
I ettertid he Evje Kino vorte lagt ned og seld til private investorar.
Sjølv om Furuly he teke øve kinoframsyninga, så vert ikkje dette det
same. Fredag var det premiere for filmframsyning i kommunens nye
kulturhus, på Evjemoen. Filmen "Mamma Mia" som var basert på musikk frå
den kjende gruppa ABBA stod på plakaten. Diverre som i dei fleste høva i
Evje og Hornnes kommune så kjende heller ikkje denne gonga folket si
besøkstid. 150 menneskje hadde funne vegen til Evjemoen Kino som rommar
bortimot 400. Ein stor film var det, så dei som ikkje fekk med seg denne
gjekk glipp av noko stort. Det verste er alikavel at ein ikkje får
lønnsemd med slik drift. Kinoen er dyr å leige, sjølv om det til sjuande
og sist er kommunen som eig den.... skjøn det den som kan! Den kommunale
kulturstova er så dyr å leige at dei færraste he råd til det.....!
I byrjinga av november vert det Noregspremiere på den nye
James Bond filmen....då lyt alle sete vere fulle. Film er best på kino,
det er det liten tvil om!

Kulturkonsulent, Irene Falch Jensen gjer ein framifrå jobb som
kulturberar i kommunen. Berre synd at folk flest ikkje verdset det
arbeide ho gjer. Kulturen er svært viktig for trivsel i eit
lokalsamfunn. Dette veit Irene og gjer kva ho kan for å ivareta!

Det var mange ledige sete på Evjemoen Kino, sjølv med storfilmen "Mamma
Mia" på plakaten.
