Korleis vert DU sponsor?

”Road Runners” frå Evje og Hornnes

Ventar 3000 mennesk til pinsetreff på Evjemoen.

Gro Uldal er leiar i  motorsykkelklubben Road Runners og styremedlem i Norsk Motorsykkelunion, avd Aust Agder.  Nyleg var ho saman med resten av ”Agderbenken” tilstades på årsmøtet til Norsk Motorsykkelunion i Bodø. Hovudoppgåva deira var å presentere opplegget for ”Norgestreffet” 2009. Det er like greit at du no med det same merkjer deg datoen. Frå 28. – 31.mai, midt i sjølve Pinsehøgtida, er det venta meir enn 3000 mennesk til bygda. Omtrent like mange motorsyklar. Åstaden vert Nordre Leir på Evjemoen. Eit område som er som skapt for slik tidtrøyte.


Agderbenken: f.v. Jeanne Andersen, Arnfinn Schøelberg, Kristian Vehus og Gro Uldal.

Tilbakemeldingane frå årsmøtet i Bodø var samrøystes positive. Det er sjeldan eit arrangement er så godt planlagt så lang tid i førevegen. Gro Uldal leverte ei marknadsføring av bygda som er gull verd for både lokale kjøpmenn, ølhandlarar, øvenåttingsverksemder og det lokale næringsliv i sin heilskap. Ikkje alle vil  bu i telt og det vert såleis kamp om sengeplassane både på Odden Camping, Evje Park og på dei ulike tilboda inne på sjølve Evjemoen. Tilbakemeldingar så langt tyder på at mange alt he tinga seg plass for Pinsehelga neste år.

Hjå Viking Adventure er det husrom til omlag 60 personar. I dette området er det lagt opp til familiecamping og tilhøyrande aktivitetar for både born og vaksne.

Det er ein røynd gjeng, ungdom i sin beste alder, som sit i hovudstyret for Norgestreffet 2009. Heile moroa kviler på hørene til Åse Uleberg frå Fennefoss. Kjend frå radio og fjernsyn. Eit rivjern som veit kor skåpet skal – og må stå.  Med seg på laget he ho Ola Nykland, Nils J. Heyerdal, Gro Uldal, Sigbjørn Hægeland, Per V. Pettersen, Kristian Vehus og Pieter Ghering. Det vert truleg ei livleg pinsehelg på ”stripa” på Evje neste år. Hjarteleg velkomne skal Dykk vere, alle i hop.

3000 motorsyklar krev sin plass. Inne på leirområdet vert det høvelege parkeringsplassar og oppstillingsplassar for folk sok kjem på to hjul. Dei som vågar seg i nærleiken av campen med bil må pårekne langt kleinare handsaming. Ola Nykland he ansvar for parkeringstilhøva. I desse dagar prøver han ut eit eige system for handsaming av bilar og campingvogner.


På Evjemoen vert det aktivitetar for born og vaksne i alle aldre.

 

Sjå meir på:
http://nmcu.org               http://www.rrmc.no