Ny lastebil til
kommunen
Godt verktøy er halve jobben.

Han er nøgd med
sin nye arbeidsplass Jan Sverre Fredriksen. Vegmeisteren i Evje &
Hornnes kommune kan i desse dagar take i bruk ein brenn ny lastebil.
Slik legg arbeidsgjevaren arbeidstilhøva til rette for sine tilsette.
Vel vitande om at godt verktøy er halve jobben. Vel vitande om at
driftsavdelinga i teknisk etat er ein av berebjelkane i det kommunale
sørvis – og tenestetilbodet.

Den nye bilen
vert i vinterhalvåret mest nytta til brøyting og strøing av glatte
kommunale vegar. Resten av året ventar mange og viktige oppgåver innan
sektoren ”vann og avlaup.” Jan Sverre er ein patentleg kar. Den nye
investeringa er såleis kome i trygge hender, og vil få eit trygt og godt
liv.

Den gamle
lastebilen, frå 1987, er gjenge av med full pensjon. Framleis brukande,
men han tilhøyrer ei anna tid. Treng du ein grei gardsbil bør dette vere
eit funn. Prisen kan då heller ikkje vere avskrekkande......
