On & Offshore
Services as
Offshore verksemd
satsar tungt i Evje & Hornnes kommune

On & Offshore
Services er ei verksemd med spisskompetanse innanfor mange fagområde når
det gjeld m.a. oljeutvinning i Nordsjøen. Verksemda er lokalisert i
Kristiansand og tel i dag kring 150 tilsette. Dette er ei verksemd som
legg ned store ressursar i å utdanne eigne fagfolk. Samstundes gjev On
& Offshore Services tilbod om utdanning og opplæring for tilsette i
eksterne firma. Berre dei beste folka er gode nok når det vert kniva om
store kontrakter på sokkelen

Me
treff Erik Zahl på ” Evje Park” der kring 10 tilsette frå On & Offshore
Services er i gong med å avleggje ein avsluttande eksamen innanfor
fagområdet Hydraulikk. Zahl er
ein av dei som he ansvar for utdanningsbolken hjå den stadig veksande
verksemda. Han, og dei tilsette, trivast svært godt i bygda. Dette er
eit samarbeid med m.a. Setesdal Vidaregåande Skule – eit samarbeid som
Zahl skryt voldsomt av. ” Me er mottekne med opne armar frå fyrste dag.”

Gjestfridomen i
bygda er eit av argumenta for å flytte denne undervisningsbolken frå
byen – og inn i landet. Det same gjeld prisnivået. Her kan me arrangere
3 vekers kurs, med kost og losji, for ein tredjedel av kva det kostar
nede ved kysten seier ein svært så nøgd ”skulesjef.” Eit anna viktig
moment er fritidtilboda i nærmiljøet her. Sunne og aktive tilbod gjer at
elevane stiller friske og raske på skulebenkjen neste morgon, seier Erik
Zahl med eit lurt smil.

Erik Zahl legg
ikkje skjul på at verksemda er komen til kommunen med tanke på eit
langsiktig perspektiv. Han går ikkje i detalj men avslører heilt klart
at det no vert arbeid med å byggje opp eit kurs og kompetansesenter for
offshoremarknaden, nettopp i vår kommune. Målet er mellom anna ei
fullskala utdanning i ”Fluid Teknikk. Noko tilsvarande finnes ikkje i
dag i vårt langstrakte land. Erik Zahl smiler, ser meg inn i augo og
seier: ” Dette kan bli stort, veldig stort.” Erik meiner alvor. På hi
sida av dynna sit 10 oljearbeidarar og sveittar. Dei er oppe til eksamen
etter 3 veker og 120 timars undervisning i hydraulikk. Oljeindustrien
he slått rot på Evje. Her vert dei verande.
