Korleis vert DU sponsor?

Nokon bør take ansvar

Slik vil me ikkje ha det !!

Det er brukt fleire hundre tusen offentlege kroner på å ruste opp den gamle jarnbanelina gjennom Nedre Setesdal til ein populær sykkelsti for både turistar og fastbuande. Det er brukt eit ukjent offentleg kronebeløp på å byggje ein ”Paintballbane” på grensa mellom Moi og Hestvåg. Moisund.com he tidlegare kommentert korleis denne ”offentlege” skrothaugen ligg som eit opent sår i vårt nærmiljø. Det er ikkje eit slikt bilete me ynskjer å syne turistane som kjem syklande til bygda vår. Ein ny turistsesong ligg bak oss. Hundrevis av syklistar frå heile Europa passerer kvar veke denne avfallsdynga.  Ei skam. Slik vil me ikkje ha det lenger. No bør ein eller annan take ansvar og få fjerna skrotet.

Ynskjer du å setje opp eit vegskilt attmed Stamvegen så må du søkje løyve – og få velsigning frå sjølvaste Statens Vegvesen. Ingen enkel prosess.  Å hengje opp hundrevis av meter med plastduk i alle regnbogens fargar – ja slikt krev visst ikkje løyve frå nokon som helst. Heilt uskjøneleg.

Informasjonstavlene på banen er ikkje, så langt me kan sjå, av det standariserte slaget.

”Nasjonal sykkelrute nr 3” gjennom Setesdal. 

Sjølv om det flyt med søppel og tomflasker på området så kan ein likevel stadfeste at eigarane he gjort ein del for å gjere det litt heimekoseleg på terassen kring administrasjonsbygget. Det skal dei i  alle fall ha.

Dekorasjonane er godt synlege frå RV nr 9. Marknadsføring av beste slag...

Sjå tidlegare artikkel her!