Korleis vert DU sponsor?

Ranestadrittet” på sykkel

Øve stokk og stein.

Sykkelgruppa i Iveland he klart det dei fleste andre arrangørar berre kan drøyme om. Dei dobbla talet på deltakarar frå i fjor. Laurdag 27. september vart det skipa til sykkelløp  med start frå Ranestad og målgong ved fleirbrukshallen på Birketveit. Med nydelege haustfargar som ramme kring idrettsfesten og kring 10 grader i lufta på startstripa, så vart dette ein flott tur øve fjellet. Heile 9 km i variert, fuktig og kupert terreng. Ei kraftprøve for dei absolutt tøffaste gutane.

Helge Ranestad ( t.h.) køyrde 40 mil denne laurdagen for å kjempe om edelt metall, heider og ære. Før start fekk han gode råd av den vidgjetne maratonløparen Olaf Engestøl frå Iveland. I ettertid kan ein stadfeste at dette hjalp lite. Den utflytta Moiguten ”møtte veggen” i eit djupt myrhol, omtrent halvvegs i løpet. Lekamen vart ikkje skadd.

Publikum møtte tidleg fram i startområdet. Det gjeld å ha den beste plassen når startskotet går. I sykkelsporten skjer alt så himla fort, og då er det lite hjelp i å stå i bakerste rekkje dersom ein skal sikre seg eit bilete til familiealbumet.

Røynde sykkelfolk meinte at kampen om gullmedalja kom til å verte avgjort mellom desse tre karane. Alle frå elitegruppa. F.v. Robert Gray (Xstrata Nikkelverk) – Yngvar Udø ( Iveland Sykleklubb ) og Øystein Bærheim ( busett på Moisund ). Etter vel 40 minutt kunne  arrangørane kåre 37 år gamle Robert Gray som suveren vinnar.

Ungdomsklassa vart vunne med klår margin av 13 år gamle Eivind Bjørkås.

Arrangørane var vonbrotne og rista på hovudet – ikkje ein einaste syklist frå korkje Evje eller Hornnes våga å stille på startstreken. Ikkje eingong den sleivkjefta toppsyklisten frå Jordalsbø, Jan Olsen, våga å stille til holmgang mot idrettsvener frå nabokommunane. Dei trenar omtrent livlorten av seg fleire gonger i veka, gutane i sykkelgruppa i Otra, men å hengje på seg eit startnummer tykkjest dei vere livredde for. Ein idrettskultur me ikkje kan vere kjende av. Rykta om at Otra- syklistane er livredde for ei mogleg dopingskandale svirrar no i sykkelmiljøet noke nærare kysten.

Takk for eit prikkfritt arrangement i kulturbygda Iveland. Det vart ein fin laurdag for både dei aktive, støtteapparatet og for sørvisfolka. I Birketveittjønna vaka auren og ordføraren heldt seg heime på sofaen. Det er synd å seie at Senterpartiet er i medvind om dagen – heller ikkje i Iveland.

Du kan klikke på bileta under her, så fær du sjå fleire bilete frå idrettsfesten.