Korleis vert DU sponsor?

Fekk storfisk i garnet!

Ludvik Smeland fekk onsdag den største fisken han har fanga på Smeland. Heile 2,5 kilo vogg den velvaksne auren han tok i netet han hadde sett ut kvelden før. Ludvik reiste eigentlig ned til båten på tysdagskvelden for å trekke denne opp for sesongen. Elgjakta stod for tur så nå fekk fisk vere fisk. Det fine veret og eit ørlite håp om å få storauren denne sesongen gjorde sitt til at han bestemte seg for ei siste natt med garna ute. Onsdagsmorgonen drog han igjen ned til båten og i det eine garnet sat ruggen. No er båten sett på land og Ludvik ser alt fram til neste sesong. I mellomtida skal han ha ein fiskemiddag det aldri før he vore maken til på Smeland....