Full brannutrykking!
Klokka 18:00 gjekk alarmen hjå brannvesenet
i Evje og Hornnes. Det var full fyr i ei driftsbygning i Kyrkjebygda.
Det synte seg snart at det var ein vankeleg operasjon, ettersom det var
masse dyr i uthuset. Brannvesenet beviste endå ei gong at dei har ei
vaktordning som det berre er å ta av seg hatten for. Desse folka gjeng
med vakttelefonen heile døgeret, kvar dag, heile året. Betalinga er
ikkje noko meir enn ei halv månadsløn til ein kommunetilsett. Og då
taler me ikkje om rådmann! Alarmen rakk ikkje å slutte å ringe før dei
fyrste var til stades på hovudsentralen. Det er tale om nokre små minutt
før 3 brannbilar fulle av brannfolk. I full mundur. Var på plass i
Kyrkjebygda. Slangar var rulla ut og røykdykkarar gjekk inn i uthuset og
fekk med seg dyra ut. Desse karane kan jobben sin. Det vart raskt meldt
tilbake til hovudsentralen at brannen var under kontroll og at alle dyra
var komne ut. Vel blåst!

Heile styrken rykka ut då det vart meldt om brann i Kyrkjebygda.

Etter nokre få minutt hadde røykdykkarar kontroll over brannen.....

.....og alle dyra var flytta ut frå den brennande bygninga.

Albert Kjetså hadde kommando denne kvelden og var nøgd med innsats og
resultat.

Bonden sjølv, Tor Morten Evje kunne ikkje få fullrost innsatsen til
brannvesenet.

Jan-Sverre Fredriksen fekk fyr på kanonen etter berre nokre sekundar....
Alle var dei til slutt einige om at dette hadde vore ei
fin øving! Øvingsleiar Albert Kjetså og brannsjef Jerry Anker Remme var
nøgd med det dei såg og dei ser det som svært nyttig å kunne få øve på
brann i driftsbygningar innimellom. Så får det våga seg om Olaf Vollan
klaga på fjoslukt i den nystrokne branndressen....
