Korleis vert DU sponsor?

Haustfest hjå Wikstøl Maskin

Kilopris på motorsager.

Haustfest hjå Wikstøl Makin på Hægeland kan vere vilt. Det vart heilt vilt. Det vart ein handelsfest utan like. I annonsa stod det å lese at dei på fredagen skulle selgje motorsager til same kiloprisen som det vert betalt for ferske reker. Thor Olav Reiersdal, radioredaktør i mest 20 år, vart sveit i panna. Han lempa motorsager til den store gullmedalje. Reker he han ikkje peiling på.

På få timar vart det solgt nærare 10 stk Polaris 6-hjuling. Prisen var det lite å seie på. For 75 000 kroner pr stk fær du eit greit maskineri å køyre heim tyteber og elgkjøt med. Då hadde Thor Olav gjeve 20 00 kroner i avslag på kvar maskin

Butikksjef  Jens Helge Wikstøl var svært så nøgd med haustfesten. På utsida knitra det frå kaffebålet og etter kvart seig det på ein kjend og kjær lukt av grillpylser frå Gilde. Klokka 18:00 var det klart for auksjon.

Nedteljinga he byrja. Snart er det elgjakt. Hjå Wikstøl Maskin på Hægeland fær du kjøpt det beste av det beste av moderne jakttøy. Sko medrekna. Thor Olav kan dette faget. Den guten he vore på jakt før. I handa held han hovudskallen av ein Svartbjørn som han sjølv skaut i Canada for nokre år sidan.