Flatebygdløpet 2006

 

Favorittsiger og ny løyperekord.

 

Hans Gunnar Omdal frå Vennesla er i verdstoppen i orientering, og er fleire gonger

noregsmeister. Søndag 1. oktober vann han Flatebygdløpet over 20 km på ny løyperekord

1.22.22.     Omdal var i ei klasse for seg sjølv og var svært nøgd med både løypa og det

prikkfrie arrangementet.

Jan Olaf Uleberg hadde saman med Roald Tveit lagt ned mykje arbeid i forkant av det

tøffe skogsløpet. Litt skuffande var det nok at berre 24 deltakarar fann vegen til Flatebygd

Skianlegg denne fine haustdagen.

Revykongen og moromannen Olav Grenstad måtte finne seg i å stille i favorittskiktet,

men alt etter 8,5 km, på toppen av Mykleåsen ( 500 m.o.h.) møtte han veggen.

Han kom likevel til mål på ei respektabel tid og tok i mot hyllesten frå publikum slik berre

ein scenekunstnar kan. Grenstad representerer Kristiansandklubben Diggidanga.

 

Og publikum kosa seg på det flotte tribuneanlegget som var rigga opp i start/målområdet.

 

Jentene i buret, Sigrunn og Marie, solgte kaffe og vafler til inntekt for”Saniteten.”

 

All honnør til lokale idrettsjerner som vågar å stille opp i løp i hop med verdseliten.

Idar Tveit, Tor Ole Gautestad, Harald Aas, Rune Leifsen og Anders Hasseldal.

Alle hadde dei ein fin dag i Flatebygd, og leverte løp det stod respekt av.

 

Det er flaut  at ikkje fleire lokale mosjonistar stiller opp når lokale krefter arrangerer

eit løp som dette i grannelaget.

Både nått-og dag er vegane rundt i Evje og Hornnes fulle av folk som spring seg omtrent i hel.
Vegen rundt Fennefoss ser tidvis ut som eit 17.mai tog av treningsnarkomane i tette

tights og blafrande joggebukser. Otrahallen er smekkfull heile veka av folk i alle aldre.

Folk i denne bygda tel kalloriar, puls og kilo sjølv når dei ligg under dyna og skramlar med

skjelettet, men å få på dei eit startnummer tykkjest vere kul, krampe umogleg.

Lat det vere eit mål at på neste Flatebygdløp så passerer me 100 deltakarar med startnummer

på brystkassa – og minst 50 av desse bør vere asfaltslitarar frå det lokale treningsmiljøet.

Alt anna er flaut, og husk du kan telje kalloriforbruk sjølv om du he eit startnummer på kroppen. ............

Takk til arrangørane for eit framifrå arrangement – og takk til dei lokale utøvarane som våga å stille opp.

For meir informasjon sjå resultatlista: TRYKK HER!