Fargehuset på Evje
Ikkje berre måling
og tapet..

Det er slutt på dei tidene då du
gjekk til fargehandlaren berre for å kjøpe måling, penslar og ein skvett med
linolje. Fargehuset på Evje er kjend øve heile Sørlandet for si mangfoldige
og dekorative gåveavdeling. Her fin du gåver, bruksting og pyntegjenstander
som du knapt finn maken til nokon annan stad. I desse dagar er jentene på
butikken i full sving med å stille ut nye varer, m.a. med tanke på den
komande jolehandelen. Her er noke for ein kvar smak, og he du problem med å
kome i jolestemning kan me absolutt føreslå ein tur innom gåveavdelinga på
Fargehuset. Sjefen sjølv, Arne Bjønnum, er i full gong med kakebakinga – og
han lovar oss at om få dagar vil det lukte av både pepperkakar og jolegløgg
i den tradisjonsrike fargehandelen, midt i Evje sentrum.

Her finn du joledekorsjonar som sjølvaste ”Blomster
Finn” kan misunne dei. Både Tulla og Olaug he teften for slikt handarbeid.

Her er beint fram noke for ein kvar smak – og for eit kvart bord.

Og Tulla er klar for å take i mot handlande frå både fjern – og nær.

Medan denne gjengen sit spent og ventar på nye eigarar – og ein ny heim, så
kan du verte med oss på ein liten virituell rundtur i den spanande
jolebutikken:
Trykk på bileta
under for å endre storleik: