Sponsorar























 

Korleis vert DU sponsor?

Klimakvote som attåtnæring

I dei indre bygder, nærar bestemt Øyulvstad i Åseral satsast det no på det som synast som den mest veksande næringa i tida, ikkje berre på landsbasis, men i eit globalt perspektiv.

Birger Øyulvstad er den oppfinnsamme personen som no har etablert seg med klimakvoter for sal. I ei tid der den tradisjonsrike næringsverksemda med høneutleige gjeng noko trått, så sit ikkje eigedomsbaronen på Øyulvstad å tvinnar tommeltottar. ”Kvifor skal det berre vere staten som skal tene pengar på dette, alle er vel oppteke av miljøet, ikkje minst no når det har vorte ein pengemaskin”, seier Birger til moisunddotcom.

Den nye selskapet han har skipa ber namnet Birgers Internasjonale Klima Kvote as (BIKK as) og dagleg leiar, styreleiar og adm.dir, Birger Øyulvstad reknar med å kunne nå ei årleg omsetnad på rundt 40 millionar alt fyrste driftsåret. Overskotet etter løn og faste utgifter vil selskapet la gå til kultiveringstiltak på garden… ja kan hende eit lite lokalt vasskraftverk!


           Den kjende eigendomsbaronen Birger Øyulvstad ser fram til at attåtnæringa skyt fart! 

Dersom nokon ynskjar å kjøpe seg ei aldri så lita klimakvote for å letta på samvitet i desse joletider, så er det tilbod fram til 1.joledag. Pengane kan innbetalast til konto: 3148 10 32766 og merkast med ”BIKK”.