Sponsorar











 

Korleis vert DU sponsor?

Ho vaks opp blandt tomme kaffekrus og eimen av rullings  på kroa i Dåsnes.

Unni driv eigen restaurant i Thailand

Dersom du tek vassvegen omlag halvannan time frå den Thailandske  byen Phuket og rusler innover den sagnomsuste Phi Phi Island så møter du snart eit skilt på husveggen der det stend ” Unni’s Restaurant & Beer Garden.” Kanskjer er ikkje namnet så spesiellt på ein stad som vert oppdaga av stadig fleire nordmenn og Skandinavar.Du vert truleg meir øveraska når restaurangsjefen ynskjer deg velkomen til bords på ekte Hornnesdialekt.....

Unni Abusdal he drive restaurang på Phi Phi Island i vel eit år, og det synte seg raskt  at dette var noke jenta verkeleg hadde taket på. Restaurangen har vorte utruleg populær og Unni har i dag 13 tilsette på løningslista.


Frå kjøkkenet på Unni’s Restaurant & Beer Garden

Områda kring Phuket og Phi Phi Island er kjend som eit paradis for dei som ynskjer å  utforske livet under vassflata. Dykkarar frå heile verda samlast her for å oppleve m.a. det krystallklare vatnet og eit biologisk mangfold som du finn berre her.


Eit eldorado enten du vel å leve under – eller oppe på vassflata.


Innlosjering i slike husvære tykkjest vere meir  forlokkande enn å bu i 10. høgda på eit turisthotell i ein storby.


Biletet her er teken frå ei høgde som ligg omlag 160 meter øve vassflata. Det var opp her mange  måtte ryme og søkje ly for bøgjene under den voldsome Tsunamien for nokre år sidan.

Er du kjesken på ei litt annleis jolefeiring i år så vil me foreslå Phi Phi Island og ein tur på Unni’s Restaurant & Beer Garden. Som du ser på biletet så er jolenissane på plass og Unni kan ganske sikkert ordne litt heilnorsk jolestemning den 24. desember,. I tillegg så kan du få ein lokalkjend turistguide som talar ekte ” Honndølsk.” . Tøfft gjort av ei tøff jente..

¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤