![]() ![]() |
|||||
|
Trygve Jokelid Arenasjefen
To timar etter opninga fær me bremsa ned Trygve Jokelid nokre få minutt. Ein travelt oppteken mann. Det kvilar eit tungt ansvar på hørene til den trauste karen frå Åsen. Arenasjefen stadfester med klår røyst at alt er under kontroll. Trygve he kalkulert med omlag 5000 besøkjande desse tre dagane. I år er det fleire utstillarar enn nokon gong tidlegare. Kor mange veit ikkje Trygve slik på ståande fot. Han he så mange detaljar, både små og store, i hovudet akkurat no. Det ringer i telefonen og det pip i radioen. Trygve he alltid ei hjelpande hand å kome med. Sjølv etter lange dagar på skogen eller i gravemaskinen er det aldri nei å høyre når nokon spør denne karen om hjelp. Enten det er idrottslaget, Bondelaget, naboen eller gode vener. Trygve stend alltid klar til å hjelpe. Trygve he mange vener. Gode vener. Det er ikkje tilfeldig at det nettopp er denne karen som ber eit blenkjande messingskilt med innskripsjonen ” Arenasjef.”.
|
|
||||