![]() ![]() |
|||||
|
Aust Agder Bygdekvinnelag Aktive kvinner og levande bygder.
Thorhild Kylland (t.v.) og Ellen Kristiansen representerer Aust Agder Bygdekvinnelag på Landbrukets Dag. Eit friskt pust blant rundballepresser, cowboyhattar, spekepylse og sjølvgåande plenklypparar. Bygdekvinnelaget i Agder tel snaue 700 registrert medlemmer. Tek ein med heile Kongeriket så er dei omlag 15 000 meir eller mindre aktive medlemmer. Før i tida kalla dei seg for ”Bondekvinnelaget.” No he dei vald eit namn som høver betre til tida me lever i og eit namn som truleg fleir kan identifisere seg med. Jentene me møtte avviser likevel klårt og tydeleg at Bygdekvinnelaget ikkje er ein dekkoperasjon for korkje syforening eller kaffeslabberas. I år he dei gåande ei landsdekkjande kampanje som heiter noke så spanande som ” Trivselsbygda.” Kva denne kampanja inneheld skal me kome attende til ved eit seinare høve. Jentene er og ihuga eldsjeler for å take vare på lokale tradisjonar. Me kan gjerne kalle dei lokale kulturberarar, kvar på sin kant. Bygdekvinnelaget er også opptekne av nytenkjing på bygdene og driv eitomfattande kursverksemd. Me kan m.a. nemne kurs i språk, data, bunadsøyming, målarkurs og magedans. Det siste høyrast unekteleg spanande ut og kjem truleg inn under bolken ” nytenkjing på bygdene.” Bygdekvinnene er sanneleg ikkje som før.
|
|
||||