![]() ![]() |
|||||
|
Lokale innslag Både handelsmenn og kunstnarar.
Ånund Flåt, frå den lokale verksemda Flåt Landbruksservice, var hjarteleg tilstades med køyretøy som gjeng like godt på turre furumonar på Moseid som på djupt vatn på Breiflå. Amfibiebilar kallast slike doninger som kostar kring 100 000 kroner, fritt levert på tunet. Snart er det elgjakt og dette er eit godt alternativ når storoksen skal fraktast heim til låven. Ånund venter seg storhandel desse dagane. Pengesterke Setesdølar krinsar kring maskinane omtrent som reven krinsar kring ei dau høne ute på jordet. Om hausten.
Ruth Simonsen trivast der godtfolk samlast. Ein lokal kunstnar med godt omdøme langt utanfor kommunegrensene. Dersom prislappen her er rett så vil det nok ikkje hengje mange bilete att på låveveggen i bakgrunnen når me skriv sundag ettermiddag – eller kveld....
|
|
||||