Til no i år har 21 mjølkeprodusentar i Tine lagt om til økologisk drift. Meierigiganten gjer no grep for å gjere det lettare for andre å følgje etter. 

Tine satsar på meir økomjølk.
Tine har til no i år teke imot nesten 20 prosent meir økologisk mjølk enn på same tid i fjor.

Tine har eit mål om ein auke på 6 prosent av økologisk mjølk innan 2012. Til no i år har 21 mjølkeprodusentar i Tine lagt om. Meierigiganten gjer no grep for å gjere det lettare for andre å følgje etter, opplyser fagsjef for økologi i Tine, Per Sigve Lien. Økologisk mjølkeproduksjon er størst på Austlandet og i Midt-Noreg. Men interessa skal, ifølgje Lien, vere aukande også i andre delar av landet. – Det tek tid å leggje om til økologisk mjølkeproduksjon og det må vi godta, seier han i ei pressemelding. Ifølgje Lien har Tine auka mjølkeprisen for økologisk mjølk, og meirprisen til bonden er auka frå 60 til 85 øre per liter. Tine har også endra regelverket, slik at det no kan teiknast leveringsavtalar med økoprodusentar utan geografiske avgrensingar.


Redaksjon: Øystein Moi og Odd Helge Liestøl