Festen er i full gong på Evjemoen

Landbrukets dag 2008

Landbrukets dag på Evje er offisielt opna. Ein festdag i bygda og ein festdag for landbruksnæringa. Sjølv vergudane syner seg frå den aller beste sida. Slik vil det verte både laurdag og sundag i tillegg. Sjølv i dag, på opningsdagen, var det uvanleg mykje folk inne på stemneplassen. Det vart kakla på alle slag tungemål. Både byfolk, åsdølar og trauste gardbrukarar frå Vatnestraum kosa seg i solskinet. Landbrukets Dag er ikkje berre traktorar, plogar og fjosinnreiing. Her selgjast alt frå cowboyhattar og spekepylse – til gravemaskinar og bilete med Setesdalmotiv.

Mykje godtfolk var samla på grasvollen framføre ein av dei gamle stallane. Her møtte me mellom anna styraren på ” Meieriet på Byglandsfjord,” Tor Kåre Helland (t.v.) Han var i livleg samtale med økobonden frå Hodne, Søren G. Godne. Om dei tala om bilar, kvinnfolk eller mjølkeproduksjon skal vere usagt.  Dei ville i alle fall ikkje ha noke innblanding i samtala.

 

Sjølvsagt er det fokus på mat i samband med utstillinga. Sunn mat – og kortreist mat. På landbrukets Dag finn du eit variert utval av det beste og det aller meste. Du treng så avgjort ikkje smøre med deg nistepakke.

 

Gjeng du med tankar om å handle deg ny traktor til småbruket så er det ikkje naudsynt å brenne inne med slikt. På Evjemoen stiller leverandørane med traktor i alle storleiker.

He du brukt opp feriepengene, og kjerringa samstundes maser om ei ny vinterkåpe, ja då kan du i det minste leige deg ein gravemaskin. Det kostar då ikkje all verda i fylgje utleigaren..

Festen er i full gong. I kveld kjem Åsmund Åmli Band – ikkje noke festbrems det heller..

 

 


Redaksjon: Øystein Moi og Odd Helge Liestøl