Bær og potits frå Borgemyr Gård

I ein av stallane på Evjemoen er Erling Justnes frå Tveit på plass med diverse sjølvproduserte varer. Her kan du få bringebær, diverse saft av frukt og bær, sukkererter og ikkje minst potits. Store potits. Fram til no har det vore dårleg med omsetnaden, men den blide karen som til dagleg held til i nærleiken av flyplassen på Kjevik, han er nøgd. "Eg får profilert med", seier han med eit smil. Så lenge han får levert ut mykje visittkort så er han nøgd. Så langt! Erling har dette året produsert rundt 5 tonn med bringebær og rundt 10 tonn med potits.

Vil du vete meir kan du gå inn på: www.bringeber.no


Redaksjon: Øystein Moi og Odd Helge Liestøl