![]() ![]() |
|||||
|
Sjefredaktøren i Fevennen. ”Landbruksminister frå Framstegspartiet..”
Mange hadde sett fram til foredraget av sjefredaktøren i Fevennen, Hans-Christian Vadseth. Det vert ikkje dei store øveskriftene etter talen, men ungguten peika på ein del poeng som fekk sjølv røynde Senterpartifolk til å nikke samtykkjande. Sjølv den gamle partihøvdingen og ordføraren, Asbjørn Kjetså, sat med vidopne augo då redaktøren slo fast at ”gårsdagens måte å drive landbruk på” he framtida bak seg. Det må nytenkjing til, og i fleire undersøkjinger he det synt seg at bøndene på Sørlandet he kome langt i så måte. Få, om nokon, næringsgreiner i Noreg he vore gjennom meir dramatiske og langvarige omstillinger enn nettopp landbruket. Talet på gardsbruk er kraftig redusert dei siste åra, men samstundes he bøndene klart å oppretthalde omtrent same areal med dyrka jord. Eit teikn på ei heilt naudsynt effektivisering, hevder unge Vadseth. Sjefredaktøren var og klinkande klår på at ein velfungerande versmarknad forutsetter lågare tollsatsar. Også i Nore. Truleg var ikkje alle tilhøyrarane samd i dette, sjølv om dei mykje omtala WTO forhandlingene førebel er lagt på is. Vadseth var og rimeleg klår på at norske bønder om svært kort tid kan kome til og måtte forholde seg til eit heilt nytt politisk regime i dette landet. I dager det slik at 60% av norske bønder sympatiserer med Senterpartiet. Alt neste haust kan det vere slik at dei same bøndene må forholde seg til ein landbruksminister frå Framstegspartiet. Bøndene på Agder he gjennom generasjonar synt at dei kan omstille seg i takt med samfunnsutviklinga. Dette vil dei og klare i framtida. Alternativet for bøndene – og for storsamfunnet er så mykje verre...
|
|
||||