Annemor Sundbø

”Spælsaudalen”

På klingande Kristiansandsdialekt trollbandt ho sitt publikum. Få kan meir om norsk ull og kva denne kan nyttast til enn Annemor Sundbø. Klokka 11:00 gjekk ho på scena på Landbrukets Dag. Mange  hadde møtt fram i møteteltet for å høyre på nettopp dette foredraget.

På fyrste rad, like opp under talarstolen, fann me Jan frå Slettefet. Den mest røynde suebonden i heile Moi Røystekrins. Det var uråd å få til eit intervju med Slettefet. Foredraget til Annemor var som musikk i øyro på Jan – han ville ikkje på noke vis uroast.


Redaksjon: Øystein Moi og Odd Helge Liestøl