![]() ![]() |
|||||
|
Kalvemønstring Komande slekter av både folk og fe.
Så snart postludium var ferdig i kyrkjeteltet så kalla Eivind Odd Kallhovd inn til kalvemønstring på stemneplassen. Om det var kalvar med to – eller fire føter som var mest nervøse, ja det kan vel diskuterast. Ei flott mønstring vart det. Eit fantastisk samspel mellom born og dyr. Komande gardbrukarar fekk synt seg fram for eit talrikt publikum. Me legg ut nokre bilete frå tevlinga og let resultatlista liggje i skuffen. Her var dei vinnarar alle i hop.
|
|
||||