Årsmøtet i revygruppa vedtok denne veka at neste års revy vert den siste. 20 års jubileet vert difor og ei avrunding for revygruppa frå Moisund. Frå den fyrste framsyninga i 1992 har revygruppa laga revy kvart einaste år og no tykker me at det er nok. Tett på 20 000 menneskje vil dermed ha sett 20 ulike revyframsyninger. Det me alt no kan love er at det vert eit fyrverkeri av ei avslutning. Førebuinga med skriving av tekster til revyen i februar 2011 er alt i gong og alle er førebudd på ei heidundrande avslutning…
Morus for siste gong!
Apr 18
Dørene til kinoen på Evjemoen opner 1 time før framsyninga av årets Morusrevy byrjar. Dette vil seie kl 18:00 på torsdag og fredag og kl 17:00 på laurdag. Det vil bli kiosksal ved ungdomskoret Koriallverda i timen før framsyninga tek til. Vil du sitje godt, gjeld det å vere tidleg ute!
Her er nokre bilte frå revyen som har premiere til torsdag. Du får nytte fantasien dersom du vil vete meir….
Det ser ut til at det vert fulle hus under året framsyning og. Det vert i så fall for nittande gong på rad! Alt fem timer etter at salet av billetter var opna var 60% av billettane revet vekk. Vil DU sjå årets revy? Ja då må du nok få bakenden opp or TV stolen så snart som mogleg! Me kjem ikkje heim til deg med billetter, desse må du sjølv kjøpe på Fargehuset eller Esso på Hornnes.








