Årsmøtet i revygruppa vedtok denne veka at neste års revy vert den siste. 20 års jubileet vert difor og ei avrunding for revygruppa frå Moisund. Frå den fyrste framsyninga i 1992 har revygruppa laga revy kvart einaste år og no tykker me at det er nok. Tett på 20 000 menneskje vil dermed ha sett 20 ulike revyframsyninger. Det me alt no kan love er at det vert eit fyrverkeri av ei avslutning. Førebuinga med skriving av tekster til revyen i februar 2011 er alt i gong og alle er førebudd på ei heidundrande avslutning…

Tags: