Korleis vart MORUS
til.... kvar kjem dei frå... og kva vil dei!
Revygruppa MORUS blei stifta i eit anfall av kollektiv galskap ein mørk
vinterkveld, nærare bestemt torsdag 30. januar 1992. MORUS er ei forkorting av "Moi og omegn revygruppe for uutforska sjeler". Kva
denne lange beskrivinga skal bety er umulig å forklare, men ei opplysning i
namnet er Moi som viser til staden gruppas medlemmer kjem frå. Moi er ei
unnselig, spredtbygd lita grend lengst sør i Evje og Hornnes kommune. Når det
gjelder antal innbyggarar er talet noko usikkert, men litt under eit par hundre
røysteføre seiast det å vere her.
Køyre du forbi staden i bil (noko du sannsynligvis gjer) står det til
dei busettes store fortviling Moisund og ikkje Moi på skiltane. Moisund er to
lange rette strekningar på vegen, med noen forblåste hus på begge sider av
vegen. I svært mange av dei vil du finne ein som på ein eller annen måte har
noko med revygruppa å gjere, ja heile 10% av dei som bur her driv med revy....
Gruppas medlemmar er ei lett blanding av gamle og halvgamle
personar i sin beste alder, vanlige folk med ein noko uvanlig hobby, og ein
felles oppfatning av at lukka i livet er å stå på scenen, drive på med lys og
lyd, arbeide med kulisser og rekvisittar og elles de utallige små og store
utfordringane som må løysast
for å lage ein revy - år etter år!
_________________________________________________________
Det heile starta opp i 1992….....
Det he vore ei voldsom utvikling frå den spede
starten i '92 fram til idag. Frå 1995 har revyene hatt ei speletid på minst 2
timer - uten pause! Tekstmessig he det og vore ei utvikling frå at mykje av
stoffet i starten var frå andre revyer til at me nå skriv det meste sjølv. I
samtlige revyer he me gjort alt arbeidet sjølv. Me he aldri leigd inn
profesjonell hjelp, og det er me ikkje så reint lite stolte av!
1992
Det var ein meget forsiktig start, faktisk på fredag 13.!
november på 4H-festen.
Heile 5 nummer blei framført.
14 dager seinare blei same forestillinga framført på det kommunale julebordet,
og då med eit nytt nummer i tillegg.
1993
Som i '92 var me ikkje blitt så avanserte at revyen hadde fått
noko navn, men
antall nummer var auka til 10, og revyen blei spilt 17.mai i
Otrahallen til stor
suksess. Seinare vart den vist på eit pensjonisttreff i
kommunestyresalen.
1994 -
Utan ein raud tråd
Premiere 8. april. Den første revyen i Evje kino, kor me framleis
he tilhold.
Fullt hus og stormande jubel, og gruppas skeptikere som trudde at
det ikkje kom folk tok grundeg feil. Måtte sette opp ekstraforestilling eit par
veker seinare. Nytt fullt hus, og mange fekk ikkje plass. Totalt 13 nummer i
denne revyen. 8 av innslagene var eigne tekster. Forestillinga blei og vist i
Otrahallen.
1995 -
Selg ikkje skinnet før Bjoren er skutt
Dampbåten Bjoren blei ferdig restaurert og sjøsatt det året.
Premiere 15. februar. 4 fulle hus i Evje kino. 17 innslag, kor 11 eigen
produksjoner.
1996 -
Ingen veit kor Høgre hoppar
Premiere 13. februar. 6 fulle hus (ca. 1.050 tilskuere) i Evje
kino. 22 innslag, kor 20
var eigenproduksjon.
1997 -
Kast ikkje glas i steinhus
Premiere 10. februar. 6 fulle hus i Evje kino. 22 innslag, kor 18
var eigenproduksjon.
1998 - Du
trur det ikkje sjølv om du ser han
Premiere 13. februar. 6 fulle hus i Evje kino. 21 innslag, kor 18
var eigenproduksjon.
1999 - To
fruer i ein smekk
Premiere 15. februar. 6 forestillinger i Evje kino, 4 utsolgte
hus, og 2 nesten utsolgte.
22 innslag, kor 19 var eigenproduksjon. Et av numrene var en "minimusikal" som
besto av 5 sanger, slik at vi kan si vi totalt hadde 26 innslag.
2000 -
Bom-skot
Premiere
9.februar - 5 utsolgte forestillinger i Evje kino. 18 innslag,
kor 17 var eigenproduksjon.
2001 - 10
år i Moi-rus
Premiere
7.februar. 5 nesten utsolgte forestillinger i
Evje kino. 19 innslag, kor 15 var eigenproduksjon.
2002 -
Sommerflørt på Moi
Dette var eit forsøk på noko nytt
nemleg eit LYSTSPEL. 4 fulle hus og stormande jubel
2003 -
Morus i langt øve 100 !
Premiere 6 februar. 4 fulle hus utsolgt på 36 timer!!! Ekstra
salg av billetter til generalprøva.
20 innslag, kor 17 var eigenproduksjon. Endå
ein kritikar rost revy.....
2004 - Ingen eld
utan røyk
Premiere
5 februar. 4 fulle hus utsolgt på 2 dager!!! 18 innslag kor 17 var
eigenproduksjon.
2005 - Morus reddar furuskogen
Premiere 6 februar. 5 fulle hus
utsolgt på 5 dager!!! 20 innslag kor ALLE er eigenproduksjon.
2006 - Betre skamlaus enn blyg
Premiere
8.februar. Fem førestellingar, onsdag, torsdag fredag x2
og laurdag, alle billettar utseld på fire dagar. Ekstraframsyning
vart sett opp på laurdagen med bortimot fullt hus her og (12
ledige plasser).
2007 - Frå det
eine te det andre
Premiere torsdag 8.februar på Evjemoen Kino.
Tre førestellingar på kvar av
kveldane torsdag fredag og laurdag. Bortimot
utseld (ca 950 billetter)
2008 - Beinlause fuglar i open soning
Premiere torsdag 14.februar på Evjemoen Kino.
Tre førestellingar på kvar av
kveldane torsdag fredag og laurdag. 3 fulle
hus.
2009 - Bomber og granater
Premiere torsdag 12.februar på Evjemoen Kino.
Tre førestellingar på kvar av
kveldane torsdag fredag og laurdag. 3 fulle
hus.