![]() |
||||
|
Bussjåførane Nøkkelpersonell
Logistikk er eit nøkkelord når nær 1000 personar skal fraktast til ein konsert langt inne i fjellheimen. Ikkje på asfaltert fylkesveg, men på ein smal skogsbilveg nær 10 km frå næraste busetjing. Risdal Touring frå Evje hadde hovudansvarte for transportbolken, og på det meste stod 9 bussar parkert i bakkane like under dammen. Berre det var eit mektig syn. Eit høgst uvanleg syn. Smilande bussjåførar hadde eit utfordrane oppdrag som dei løyste på ein framifrå måte. Dei to karane på biletet over ( Tom Ivar Gumpen t.v. – og Finn Engen) la ikkje det minste skjul på at dette var eit oppdrag dei sette pris på. På toppen av Nåvassdammen hadde gutane god utsikt til gjestane som kosa seg kring leirbålet eller sat like under scena og venta på Kari Bremnes og Anne Marie Almedal.
Borge Tørå er ein røynd sjåfør. På veghøvel. Han trivast best når han kan trø takta til trekkspelmusikk. Vals og reinlender er meir i låma til Borge. Han heldt seg mest i bussen. Ja, dei er herlege i den alderen....
|
|
|||