![]() |
||||
|
Laurdag morgon på Eikerapen Morgonmat i hagen hjå Elling.
Det var ei noke trykkande stemning då med passerte Skjerka Festivalcamp på laurdags morgon. Ikkje i reportasjebilen men på teltplassen. Uveret på morgonkvisten hadde skræmd sjølv dei seigaste Lyngdølane inn under teltduken. No sov dei – og det vil dei gjere lenge. Slik er det på slagmarka.
I hagen hjå Elling råda det ei avslappande stemning. Taffelmusikk frå eige husorkester på grasvollen. Attmed låveveggen serverte Gudrun Austegard morgonmat til gjestane. Du kunne vele mellom frukostbuffet med flatbrød, rjomegraut og spekemat – eller du kunne forsyne deg med fingermat av ulike slag. Fingermaten var eigentleg små kveilar med løpse, som så var stappa med ymse fyll. Slikt som prim, eggerøre, gome eller ost. Smakfullt var det i alle fall. Folk kosa seg på tunet. Tradisjonsmat frå Åseral.
|
|
|||