![]() |
||||
|
Barneroots Stjernetreff
Laurdagen, frå klokka 12:00 og ut øve ettermiddagen set festivalen fokus på dei aller yngste deltakarane. Me kan nemne noke av programmet som femner kring emne som Baldrian & Musa, sirkusskule, teiknekonkurranse, svampekasting og for ikkje å gløyme konsert med dei populære jentene frå Byremo – Enny og Helene. Me traff jentene, i hop med mamma Grete og veslesyster Synnøve. Alle med etternamn Stulien Lauen. Det lyste suksess or augo på småjentene. Dei var nettopp ferdige med ein hei- dundrande konsert på scena.
Så var det klart for eit radiointervju med den røynde revolverjournalisten Tor Stray, frå Radio Loland. Her kunne jentene røpe at neste store konsertoppleving vert på Kvinlog i slutten av August. Då skal Enny og Helene vere oppvarmingsband for sjølvaste Odd Nordstoga. Han som lengtar heim til mor. Det er garantert ikkje siste gong me høyrer noke frå desse småjentene. Etternamnet, Stulien, forpliktar i i slik samanheng.
|
|
|||