Hilde Marie Kvarenes

Med røynsle frå Quartfestivalen

Det er vel ikkje i høve til retningslinene for skrivande journalistar men det var heilt uråd å gå forbi denne jenta. Ho pynta så himlande opp i fjellheimen – 625 meter øve havet. Det skal ho så definitivt ha. Hilde Marie er på Eikerapen Rootsfestival for fyrste gong. Ho he lang røynsle frå den meir urbane Quartfestivalen. Det tilsetjingsforholdet er avvikla av heilt naturlege årsaker. Ho trivast på Eikerapen og garanterer at her vil ho nok kome attende. Tidlegare på dagen hadde  ho vore guide på ein buss frå Kristiansand. Ved konserten under Nåvassdammen var ho utplassert som vakt. Ho skulle syte for at ivrige Åsdølar og Honndølar ikkje kom for nære inn på dei vidgjetne artistane. Ja, det er mykje fint i fjellheimen no om sumaren. Mange meiner likevel at hausten er den finaste tida. Me let det spursmålet hengje i lause lufta.....


Redaksjon: Øystein Moi og Odd Helge Liestøl