![]() |
||||
|
Trudy og Anne Kate Sjefane for matsalet på Rootsfestivalen
Trudy Abelseth og Anne Kate Åsland er med på Rootsfestivalen for 5. året på rad. Dei siste 4 åra he dei hatt hovudansvaret for alt av matsal på heile festivalen. ”Gruppeleiar” heiter det i festivalkrinsar. Ein tittel du ikkje fær sånn heilt utan vidare. Med seg på laget he dei kring 60 dugande medarbeidarar.Dei aller fleste representerer det lokale Bygdekvinnelaget. Alt arbeid vert gjort på dugnad. Så skal det samstundes nemnast at alt øveskot av matsalet gjeng attende som tilskot til foreningskassa. Sjølvsagt håper jentene på eit rekordsal dette året. Me skjøner det så vel – og så langt på festivalen ser det lovande ut.Dei starta opp på onsdagskvelden med bakte potits, pylser, popcorn og chips. I samband med kveldskonserten under Nåvassdammen severer dei m.a. fiskesuppe og elgsuppe. Alt med råvarer frå Åseral. Her kan ein altså med rette tale om ”kortreist mat”. Dei flotte Åseralsjentene legg ikkje skjul på at dei trivast med festivalarbeidet, og me kan berre ynskje dei lukke til vidare på livsvegen. Berre slik kan dei gå vinteren i møte med ei velfyllt klubbkasse. Til beste for folk i heile Åseral.
|
|
|||