Oddmund Ljosland

Du finn ikkje makan til ordførar.

Langt unna den raude lauparen, sprudlevatn i høge glas og VIP- området finn me ein vaktmann me kanskje ikkje hadde tenkt å finne i folkemylderet. Sjølvaste ordføraren i bygda he meldt seg som friviljug vaktmannskap. Slikt vekkjer åtgaum. Slikt vekkjer respekt. Det er då heile 3 år til neste kommuneval. Oddmund kan ikkje skuldast for å drive valkamp. Han er berre slik den stødige karen frå Ljosland med eit ukjend tal vinterfora sau på båsen. Han stiller opp der folk he bruk for han. Ikkje berre på rådhuset i Kyrkjebygda. Oddmund Ljosland er ein ordførar av godtfolk – for godtfolk.

 

 

 

 

 


Redaksjon: Øystein Moi og Odd Helge Liestøl